Hopp til hovednavigasjon Hopp til hovedinnhold
Logobilde modul
Profilbilde modul

Tildeling av midlar til vidareutdanning 2010

01.02.2010   Skriv ut
Midnatssol over Lopphavet 90x120
Utdanningsdirektoratet har sendt brev til fylkesmennene med informasjon om midlane til vidareutdanning for 2010/2011. Det er tilbod om vidareutdanning ved 22 institusjonar, og for neste studieår blir det utvikla påbyggingstilbod i fleire fag. Det blir også tilbod innan fleire yrkesfag i 2010.

Tildelinga for 2010/2011 betyr ei sterk vidareføringa av Kompetanse for kvalitet Strategi for videreutdanning av lærere. For skoleåret 2010/2011 er det eit mål at 2500 lærarar skal delta i vidareutdanning. Det blir i hovudsak dei same fagtilboda som inneverande år, men i ein del fag vil det bli utvikla påbyggingstilbod.

Alle studietilboda er å finne på: www.skolenettet.no/studietilbud  

Søknader må gå om rektor. Skoleeigar har frist 8. mars til å sende søknadene til fylkesmannen. Universiteta og høgskolane vil gi melding til dei som er tatt opp i midten av juni 2010.

Informasjon om tildelinga for 2010/2011: http://www.udir.no/Brev/_Kompetanseutvikling/Tildeling-av-midler-til-videreutdanning-i-2010/


TIPS EN VENN

Sende til flere mottakere? Bruk komma mellom adressene.



Er relatert til

Nyhetene